HEIASTRI,
DET VAR DEI DETALJANE, DÅ.
Ein storslått fest er under planlegging. Du leitar høgt og lågt etter dekoren som skal setje prikken-over-i-en. Ein butikk har noko, men ein anna butikk, langt unna, har det andre. Dyrt. Kor skal ein gjere av alt saman når festen er ferdig?
HeiAstri har gjort researchen for deg og har fleire hyller du kan berre plukke frå, og levere tilbake.
ENKELT - GJENNOMFØRT - ØKONOMISK - MILJØVENLEG
KVA FOR EIN STIL ER "DEG"?
Om oss
Borddekking og dekorering til selskap er veldig gøy, men det kan bli ganske dyrt dersom ein vil bytte på tema og stilar. Dette er ein stressfaktor ein kan slippe, difor blei dette konseptet skapt. Vi vil òg vere med på å redusere belastningar for både miljø og økonomi.
HeiAstri dekorutleige er eit resultat av ei altfor stor messing-lysestake-samling og ein idé om at fleire kunne dra nytte av dei (då) 23 lysestakane.
Vi held til på Vigra.